Norheimsund og Øystese Ungdomskor har i dag 49 songarar, og eit komp på 4 stk. Medlemmene er i alderen 14 - 19 år, og dei bur hovudsakleg i Kvam. Koret har eige band, lyd og lys teknikkarar og motiverte foreldre som er til stor hjelp når det trengs.

For koret er det sosiale og andelege felleskapet viktig, samtidig som å spreie det kristne budskapet. Samhaldet i gjengen er svært bra, og det er utvilsomt ein organisasjon der ungdom har det godt, samtidig som dei får brukt sine musikalske evner.

I tilleg til dette har kormiljøet avla opp mange gode musikarar og songarar. Mange har etter ungdomstida si i koret studert musikk og blitt dyktige songarar/musikarar. Kor er utvilsomt eit godt tiltak for ungdom!